fredag, mai 09, 2008

Olje, symjetur og pesos

Olja er inntektskjelde nummer éin i Mexico. Det blir sagt at olja vil ta slutt om 10-12 aar. Kva skjer daa? Hadde det eksistert eit meksikansk oljefond, saa hadde kanskje ikkje situasjonen vore fullt saa prekaer. I desse dagar gaar debatten heitt for seg om ei reform av PEMEX, Mexico sitt statlege og einaste oljeselskap. Reform har negative og skremjande assosiasjonar for den jamne meksikanar. Ordet privatisering vekkjer vonde minner om nedgangstider og elende. "Skal vi gi fraa oss det siste vi har til amerikansk versjon av Carlos Slim?" spoer ein seg. Reform eller ikkje. Slik situasjonen er no ser ikkje mannen i gata noko saerleg til petroleumspengane. Kvar er det daglege velferdsbroedet, eller tortillaen om du vil? Naar 60 prosent av befolkninga i verdas 12. stoerste oekonomi blir rekna for aa leve i relativ fattigdom og 25 millionar av desse lever i ekstrem fattigdom gjekk det gale ein eller annan stad. Saa daa maa ein leite etter smular fraa andre rikes bord. Migrasjon til USA tel 500 000 meksikanarar kvart aar, lovlege eller ikkje. "Mojados", - "dei vaate"- etter symjeturen over Rio Grande staar for den nest stoerste inntektskjelda til landet ved aa arbeide og tene dollar, framleis verdt meir enn pesosen, og sende pengane til moderlandet. I 2002 kom dette paa den nette sum av 12 milliardar amerikanske dollar. Gjennomsnittsmigranten har fem aars utdanning fraa grunnskule, og er fraa dei fattigaste statane Oaxaca, Chiapas og Guerrero. I USA lever dei utan forsikring og jobbar for luseloen, borte fraa heim og familie. Men forsikring har dei ikkje sett noko til i heimlandet heller, og pengane er fleir no i alle hoeve, og alt er jo for sine naeraste langt borte. Dei som er att kan yte soervis for europearar, asiatar og gringoar som tek vinterferien eller "springbreak" i Cancun, Acapulco eller Puerto Vallarta. Tursime er Mexico si tredje stoerste kjelde til inntekt og det er difor saerleg viktig for landet aa oppretthalde interessa til utlendingane. Store summar blir dermed sett av til hotellbyggjing og saa bortover. Naar sant skal seiast er det dei store hotellkjedene som verkeleg tener paa reiselysta og hugen etter solslikking, kokosnoett og tequila. Dei som gjer arbeidet er sesongarbeidarar utan arbeidsrettar som blir brukt og kasta etter behov. Livet for den gjennomsnittlege meksikanske kvinne eller mann paa til doemes Yucatan-peninsulan er ikkje ein dans paa "kvite" sine etterlatte euro eller dollar. Faktisk er det ironisk nok her ulikheiten er stoerst i landet. Daa orkanen "Emily" traff Yucatán i 2005 var regjeringa snar med aa sjaa til at turistanlegga som vart skada snart var oppe og i gang igjen. Men kva med huset til don Carlos der kone og fire born budde? Eller fiskebaaten som tente til livets opphald? Eller tacobuda til María? Kva er eigentleg grunnen til at for desse menneska, landsmennene, let stoette og hjelp fraa regjeringa vente paa seg? Dei 20 prosent rikaste i Mexico distribuerer 54 prosent av inntektene i landet medan dei 40 prosent fattigaste har skarve 13 prosent aa rutte med. I medan skin den noko ironiske logoen paa plakatar fraa ulike regjeringsdepartament : "México- ciudad con equidad" - "By med liknad".



Kjelde:
Verdsbanken

tirsdag, april 01, 2008

"Tripp, tripp, tripp" det sa...




Dette semesteret er eg paa utveksling. Det inneber for meg eit nytt land, og som de nok veit fraa foer, saa hamna eg i Mexico. Utveksling inneber ogsaa eit nytt universitet. Eg fann Universidad Iberoamericana, eller Ibero om du vil. Universitetet vart grunnlagd i 1943 av jesuittar og er eit av fleire jesuittuniversitet over heile verda. Eg vil her gjere greie for skulevegen min. Sett vekk i fraa tysdagar og torsdagar daa vi faar sitje paa med José, tek eg bussen fraa dette busstoppet:






Som regel saman med Dan og Ana. Bussen kostar 3.50 og ser nesten alltid slik ut:






Han er allereie stappfull naar han kostar ned bakken der vi staar klare med haikehanda. Som oftast maa vi dermed staa paa rekke ved sida av sjaafoeren og vidare ned trappa. Dan staar, som den gentlemannen han, er nedst slik at han, og ikkje jentene, skulle dette ut doera dersom noko uventa skulle hende. Naar bussen er full er det nemleg sjoelvsagt ikkje mogleg aa lukke doera. Med Dan halvt inne i bussen og halvt utanfor gaar ferda ned bakkane, rundt foerst ein sving, og saa ein annan og oppatt til motorvegen. Nesten alle soev paa bussen, men heldigvis ikkje sjaafoeren som rett som det er tek ei stille Ave Maria med korsing og det heile innimellom hissig bruk av bilfloeyta og det ein i Noreg ville kalle "spanske manoevrar". Som oftast gaar det relativt radig, men det hender at vi braatt innser at vi staar saa godt som paa staden kvil. Trafikken er mara i México by. Litt nede i hogget er busstoppet "Puente Conafrut", og der gaar vi av, eller hoppar av i fart dersom sjaafoeren finn det best. Dette er under ei bru, og vi maa gaa opp trappene til vi er oppe paa brua for aa ta neste buss. Nedanfor trappene er det nokon som bur. Her moeter eg kontrastane i millionbyen. Der travle menn i dress og kvinner i drakt hastar av garde til arbeid er det som ein liten slum. Smaa skur av nokre hus, bilvrak, kloakk og stank, og menneske. Heimar. Og eg lurer paa kvar dei fire bada som eg har i mitt meksikanske hus er. Eller dei fire nyvaska bilane.





Vel oppe paa brua ventar vi paa bussen, eller han ventar paa oss. "Santa Fe". Det kostar 2.50. Denne bussen er nemleg mindre i storleik. Microbus kallar dei det, og difor kostar det litt mindre aa ta han. Logisk nok. Meir eller mindre 10 minutt seinare kan vi igjen hoppe av og spasere opp bakken til Ibero. Fram med ID-kortet og eit "Buenos dias". Vi er av dei faa som faktisk GAAR inn porten. No er vi blant piffen og i toppsjiktet paa den sosiale rangsstigen. Her rullar det kvar dag inn ca 7000 nye og blankpussa bilar. Dei kring 11000 som studerer her er paa folkemunne "fresas". Direkte oversett vil det seie "jordbaer", og ikkje spoer meg om ordbruken. Men ei eller ein "fresa" har pengar, har dyre vanar og er kanskje bortskjemd? Her har vi ogsaa "juniorane". Dei som om eit par-tre aar er klare for aa ta over selskapet til papá. Ja det heile hoeyres daa litt komisk ut, men det er slett ikkje sjeldan eg stoeyter paa ei og anna med tape paa nasen. Slik ein ser paa TV-programmet "Extreme Make-over", veit du. Saa er det dei som kjem med livvaktene sine paa slep. Foerst éin bil, saa studenten i sin bil, og saa endaa ein bil baketter. Saann for tryggleiks skuld. Men dette er det ekstreme. Og universitetet er heldigvis mykje meir enn berre pengane. Fult av flotte, imoetekomande og interesserte menneske. Ein flott skule med mykje ressursar, gode professorar og god tilretteleggjing. Dei som er studentar her er utan tvil priviligerte paa saa mange maatar, og ein kan berre haape at dei fleste er medvitne om det. Nok om det. Dette handlar om transport.


Skuledagen er over, og eg er klar for turen heim. Bussen min seier "Bosques" og stoppar komisk nok her:



Naar eg kjem staar det som oftast meksikanarar "lina" opp som om dei var i foerste klasse. Ja, er det noko dei kan her i Mexico, saa er det aa lage koe. Den som kom foerst, skal sjoelvsagt faa kome paa bussen foerst. Eg er tilhengjar av slikt. Saa faer vi avgarde gjennom tunellen. Av paa "Lilas", spaserar opp ein liten bakke forbi ei fin blanding av seljarar. Her kan eg faa det eg maatte trenge; alt fraa blomar til taco, pornofilmar til sigarettar og haarpynt til ferskpressa jus. Siste buss seier "San Fernando/Vista Hermosa". Eg bur i sistnemnde. Paa denne strekninga er det nesten aldri trafikk, og vips saa er eg utanfor porten min. Det einaste som kan vere eit problem er at paa bussane i Mexico er det som regel berre éin stoppknapp, og den er heilt bakerst ved utgangen. Saa naar eg staar halvvegs skvisa midt i midtgangen er alltid spoersmaalet om eg skal preove aa manoevrere meg framover og seie i fraa til sjaafoeren at eg skal av om litt, eller presse meg baketter og finne stoppknappen. Det eine eller det andre krev som regel like mykje arbeid og "perdoname'ar", og drivkvit som eg er skjoenar folk raskt at ho her er ein amatoer paa meksikansk offentleg transport. Eg, derimot, synest at alt gaar rett saa fint, og troeystar meg med at paa denne maaten slepp eg unna kor vel spanande eller skremjande det er aa maatte koeyre ein bil her i denne lett overtrafikerte byen.

torsdag, februar 07, 2008

Mi familia mexicana

Eg har fått ein ny familie. Meir korrekt formulert ville vel vere endå ein familie, sidan eg ikkje føler at noko blir erstatta. Denne gongen ein meksikansk sådan. Dette er slett ikkje verst, heller ganske svært, vil eg påstå. Frå første stund var eg dotter. Og samstundes hadde eg fått ei mor. Ein treng det i Mexico by. Mi mamá heiter Yelda, og er ei flott dame i 60-åra, full av energi og humor. Ho står opp kvar morgon og lagar frukost til borna sine, og ønskjer dei ein god dag. Når vi kjem att er ho klar med middagen. Skikkeleg god meksikansk mat! Quieres una tortilla? Ho snakkar berre spansk. Slett ikkje av di ho ikkje kan engelsk, men av andre årsakar. ”Español, por favor! Helga skal lære spansk!” seier ho og ser skarpt på den som måtte bli freista til å snike inn engelske setningar. Dette gjeld for det meste José, som er ein av mine meksikanske brør. Han studerar i Mexico by, men er opprinneleg frå Tampico, ein by litt lenger nord i landet. Han studerer jus, og ler godt og mykje, slik at haka går opp og ned. Den andre som naturleg nok lett vekslar mellom spansk og engelsk, er Dan: min amerikanske bror. Han er 20 år, frå St. Louis, Missouri, med mange tankar om livet og sånn. Dan spøkar mykje, og likar å løfte vekter. Men med måte. Han studerer økonomi, og likar nattelivet. Til hans store fortviling har han fått søstre i Mexico som ikkje bryr seg noko særleg om kva som skjer på millionbyens mange utestadar på kveldstid. Når det kriblar i Dan sine armar og bein etter å utforske byen etter klokka 21, er Ana og Helga klar for pysjen. Ana er opprinneleg russisk, men har budd i Australia sidan ho var 17 år. Ana er ei av søstrene mine dette semesteret. Ho snakkar meir enn heile familien til saman, og deler alt som fell ho inn, ofte medan ho drikk te. Vi får høyre anten vi vil eller ikkje, noko som hyppig fører til komiske diskusjonar, og i nokre tilfelle pinlege situasjonar. Ana og Dan har allereie hatt heftige debattar som trekkjer ut til det keisamlege. Yelda har også tre born som ho faktisk har fødd og fostra opp sjølv. Tradisjonelt bur ein i Mexico heime med mor og far til ein giftar seg, og alder er irrelevant for om ein burde forlate redet. To av desse bur såleis heime med oss. Christina er eldstejenta på 31 år. Ho er uvanleg livlig og er med på alt! Til dømes å få elektrisk støyt for å støtte ein señor sitt levebrød. Ho er den som skravlar i kapp med Ana, og ler mykje! Samstundes er ho svært omtenksam, slik som mor si, og vil alle det beste. Paula er 28, og studerar diplomati i Sverige. Ho har eg difor ikkje møtt, men berre sett på bilete. Men ho kan visst spele piano. Arturo er 26 år og ingeniør. Eg og Ana deler bad med han, og sidan eg har senga mi inntil veggen som skiljer soverommet frå badet, er det vanlegvis Arturo som vekkjer meg. Det er heilt i orden. Han er ein høfleg mann som smiler og arbeidar mykje. Faktisk så arbeidar desse to, Christina og Arturo, så mykje at vi eigentleg berre ser dei i helgene. Arturo går på jobb før vi andre har drege oss ut av sengene, og begge to kjem att seint på kvelden. Men når laurdagen kjem er det andre bollar. Då går praten livleg og kjapt med alle samla kring frukostbordet, slik ein ordentleg familie gjer det.






Cristina, Yelda og eg







Cristina






Eg og Ana



Dan: "What's up gang?"


Eg har diverre ikkje bilete av José og Arturo, men kanskje dukkar dei opp ved eit seinare høve.

tirsdag, februar 05, 2008

Eit tak...

Nokre har hus, andre bur i leiligheiter. Nokre har store hus med plass til mange fleire personar enn dei som bur der. Andre igjen har smaa hus, men likevel plass til ein horve med folk. Nokre har akkurat passe store hus med akkurat passe mange folk. Saa er det nokon som ikkje har hus.
I Tabasco, ein nydeleg groen stat soeraust i Mexico var det i oktober og november flaum. Resultatet: Fleire hundre familiar stod braatt utan tak over hovudet. Dei fleste av desse familiane var menneske som i utgangspunktet var mest saarbare for naturkreftene, og med minst ressursar til aa handtere foelgjene. I tillegg til sjoelve dei fysiske oeydeleggjingane paa hus og vegar, kom dei sanitaere konsekvensane med forureina vatn, og auka risiko for sjukdommar som til doemes malaria og denguefeber.


No er det turt i Tabasco. Eller det er vel i overdriving, for det regnar mykje i den tropiske staten. Men vatnet og flaumen trugar ikkje lenger. Foerre veke drog eg saman med 450 studentar fraa ulike stadar i Mexico til Tabasco for aa byggje hus! Ja, eg kan grave, ja, eg kan handtere eit maalband, ja, eg kan hamre, og ja eg kan skru.

Un Techo para mi Pais - Eit tak for landet mitt- er ein organisasjon basert paa frivilligheit som vart starta i Chile i 1997. Sidan har organisasjonen vakse og faatt feste i andre land i Latinamerika, ogsaa i Mexico. Maalet er aa gi ei hjelpande hand i omraade der naturkatastrofer som orkanar, jordskjelv og flaumar oppstaar, men ogsaa i svaert fattige omraade med daarlege butilhoeve.

Saa eg moette opp med bag'en min, laant sovepose og nyinnkjoept liggjeunderlag for born ( det einaste eg kunne finne). Klar for ei veke som snekkar. I ein chiquito landsby var vi 50 friviljuge delt i 10 lag, som kvar sette opp to hus saman med familiane som skulle bu i dei. Skal seie eg fekk bruk for svingteknikken med hammaren som han far har laert meg! Som norsk jente maatte eg i tillegg bevise meg sjoelv for aa faa kome fram i og arbeide blant staute meksikanske "hombres". Men etter litt mas om aa faa bruke spada, hammaren, og klatre paa taket vakna baade Luis, Gerardo go Isacc og fann ut at historier om sterke norske vikingar ikkje er tull. Stoerre enn nytta eg gjorde for meg medan eg var der, var noke likevevel kulturopplevinga eg fekk. Nydeleg natur, flotte menneske, MYKJE spanske glosar, nokre nyttige og nokre kraftsalver, sol og regn, svette og skit, leik og tradisjon. For kva er vel meir ei kulturoppleving enn etter ein dag med spikring og loefting i hytt og gever, aa faa setje seg til bords saman med Brigida og familien hennar, og ete kylling og boener, ris, tunfisksalat, tortillas og salsa, medan hoener klukkar og stryk deg om foetene der dei leitar etter maiskorn paa jordgolvet, og Luisa Fernanda paa seks maanader blir dyssa til svevn i hengekoeya? Annleis? Ja. Minnerikt? Heilt klart. Relasjonsskapande? Ingen tvil.

Gong paa gong faar eg erfare kor heldig eg er som faar vere med paa saa mykje. Moete menneske med andre bakgrunnar og andre maatar aa leve paa, og som deler sitt med meg.
Det beste eg har gjort i Mexico hittil (og salsaklasser ligg paa ein klar andreplass)!










mandag, januar 07, 2008

Bienvenida a México!

Tid for skriving. Eg er i Mexico. Byen. Her har eg vore no i fem dagar. Altså, for under ei veke sidan sat eg i Sandnes og spelte ticket to ride eller domino frå Madagaskar. No er eg ein heilt annan stad. Langt vekke frå både Sandnes og Noreg. Det er spanande. På flyet hit var det litt i overkant spanande. Mutters åleine på veg til ukjent farvatn og ukjent språk, ikkje minst. På flyplassen vart eg møtt av to smilande meksikanarar med eit forseggjort skilt med namnet mitt på. Då var alt greit. Heilt topp!

No sit eg på mi meksikanske seng i mitt meksikanske hus og har nett ete middag med mi meksikanse mor, mi australske søster og min amerikanske bror. Det er ikkje berre spanande, men også ganske rart. Men det er kjekt, og trygt. Stemninga og atmosfæra i huset er herleg avslappa og venleg. I morgon byrjar skulen for alvor med undervisning, og eg skal ha min første time med spansk. Det kan ikkje bli anna enn bra, teke i betraktning at eg byrjar å sjå meg lei på å ikkje skjøne eit kvekk av det som blir sagt. No skal det smålåte nemnast at eg plukkar opp eit ord her og eit ord der kvar dag, så heilt vekkreist er eg no ikkje, og litt meir skal eg nok lære.

I dag var vi på marknad og museum. Det var livleg og artig. Eit par bilete nedanfor.


For alle som lurer, så har eg det svært bra, og meir detaljerte oppdateringar skal kome med jamne mellomrom. Pluss at eg har skaffa meg skype! For alle som vil ta ein prat når tidssonane legg det til rette slik; last ned skype og legg meg til som ven: brukarnamnet er helgaurke.


Hasta luego!